Kanalisering & Energibalansering


Kanalisering - eit Medium er ein person som kan formidle kontakt med åndeverden eller  "den andre sida". Når familie og venner døyr vil dei følgje med oss frå den andre sida. Dei beheld sin personlighet, men  lærer likevel mykje når dei går over. Dei kan bekymre seg for oss, og prøver å passe på oss så godt dei kan. Men utfordringa er at det er vanskelig for dei å kommunisere med oss. Eit Medium vil kunne bistå og formidle denne kommunikasjonen. Dine kjære ynskjer å kunne hjelpe deg i din kvardag, dei vil kunne sende deg kjærlighet og fortelle deg korleis dei har det.

Ein Medium konsultasjon består av to deler:

  • Bevisdelen: å få avklart kven som kjem gjennom, og at du er trygg på at det er riktig gjennom den informasjonen du mottar. 
  • Del to er sjølve budskapet, som kan være enkelt, eller detaljert og meir omfattende.


Energibalansering ( husrens) - Mennesket er ei inkarnert ånd og ånder er interessert i andre ånder enten dei er på jorda, eller på den andre sida. Ånder som er på besøk hos deg er der for å helse på, passe på deg, og dei er glade i deg. Dei ynskjer ikkje å gjere deg noko vondt eller skremme deg, men det kan ofte føre til misforståing sidan kommunikasjonen er dårlig. 

Eit Medium kan få kontakt med den eller dei som er der, få klarhet i kvifor åndene er der, og kva dei vil seie. Ofte vil dei som er på besøk forsvinne av seg sjølv når dei har fått sagt det dei vil. Dette kan være ei fin oppleving, fylt av åndelig nærvær og kjærleik.